Anbefalinger
Anbefalinger
Evalueringa har identifisert både det som har fungert godt i plan- og byggeprosessen, og det som kan forbetrast. Dette er bakgrunnen for punkta nedanfor.
For nye byggeprosjekt er det viktig å gjere merksam på at kvart enkelt prosjekt må gjere eigne vurderingar av læringspunkta ut i frå kontekst, mål og rammer.
Behov og mål
- Det tilrådast å lage tydelege mål i prosjektet. Mål for organisasjonen bør spissast, slik at det kjem fram kva krav dette set til bygget.
- Det er viktig å ta stilling til kva som skal prioriterast fyrst. Det kan vere konflikt mellom dei ulike måla. Eit eksempel frå evalueringa er at tilrettelegging for endringar i framtida (fleksibilitet) kan ha gått på kostnad av dagleg drift (funksjonalitet).
Organisasjonsutvikling knytt til nybygg
- Det tilrådast å starte OU-prosessen tidleg nok.
- Organisasjonen bør sette krav til bygget, og ikkje omvendt.
- Det er viktig å samkøyre plan og milepålar for OU og bygg. Dette for å sikre at ein får tid til naudsynt diskusjon og forankring i avdelingane før løysingar blir låst av byggestart.
Medverknadsrolla
- Det tilrådast at dei som skal medverke får opplæring i rolla.
- Det bør utarbeidast og informerast om mandat til dei som skal medverke, med tydeleg skildring av rolle og ansvar.
- Omfanget av medverknaden bør avklarast tidleg. Dette for å sikre at helseføretaket kan setje inn tiltak for å ta vare på den daglege drifta ved sidan av prosjekta.
- Ein må sikre at dei som medverkar, har kapasitet til å handsame fleire roller. • Det er viktig å ha med brukarrepresentantar i medverknaden.
- Det er naudsynt å sikre forankring i organisasjonen; å sette av tid til å informere tilsette, drøfte problemstillingar og formidle tilbakemeldingar til og frå byggeprosjektet.
Ressursar til medverknad
- Det tilrådast å legge til rette for kontinuitet i både prosjektleiing og andre som medverkar i prosjektet.
- Medverknad kan oppfattast som både gjevande og krevjande. At ein får vere med over lang tid kan òg føre til at ein får auka arbeidsbelastning over tid.
- Det er viktig å sørge for at dei som medverkar har tilstrekkeleg med tid og ressursar til å handtere dagleg drift i tillegg. Dette kan gjerast ved å tilsette ein assistent/konsulent eller frikjøpe sentrale ressursar for å redusere arbeidsbelastning over tid.
- Ressursplanlegging og gode planar er viktig for å kunne sikre føreseielegheit i bemanning.
- Ein liten byggherreadministrasjon kan vere bra og effektivt. Men det kan òg føre til stor arbeidsbelastning for sentrale personar i prosjektet.
- Ein må sikre forankring i teknisk drift. Teknisk drift har kompetanse som trengs på tvers av fag, og det er dei som skal drifte bygget etter overlevering.
- Det bør vurderast å ha minimum to personar frå brukarorganisasjonar i medverknadsgruppa. Dette for at representantane skal ha nokon å samtale og reflektere saman med, samt grunna det store mangfaldet dei representerer.
Kommunikasjon
- Det tilrådast å legge til rette for at deltakarane i prosjektet opplever ein god dialog, tillit og samhandling.
- Møta bør ha god struktur og ein tydeleg agenda. Informasjon bør sendast til deltakarane før møta.
- Det er viktig å sikre at alle involverte får tilstrekkeleg informasjon, at informasjonen er tydeleg og forstått.
- Det bør leggjast til rette for grundige diskusjonar om produkt og konsekvensar av val.
- Prosjektet bør gje tilbakemelding til deltakarane som medverkar, når innspel og råd ikkje blir følgt.
Innflytting
- Ein må sette av tilstrekkeleg med tid til prøvedrift i nybygg.
- Ein må starte tidleg nok med å førebu, trene og prøve ut nye arbeidsprosessar i forkant. Nye areal kan føre med seg nye rutinar, ny flyt og nye arbeidsoppgåver.
- Ein bør sikre at det blir sett av tid til opplæring i bruk av utstyr, og at dei tilsette har manualar tilgjengeleg.
- Det tilrådast at leiarar og tilsette blir orientert om planar for flytting i god tid, slik at dei kan sette av tid til utflytting/ned pakking. I Dagabygget var det gode erfaringar med å ha eit eige flytteprosjekt som planla og organiserte det praktiske rundt innflytting i nytt bygg.
- Andre tilsette i organisasjonen, pasientar og eksterne, som har oppgåver og/eller leveransar til dei nye areala, må informerast om flytteplanar. Dette omfattar heimesider, informasjon som går ut gjennom brev og e-postar, samt skilting.
- Overlapp frå prosjektleiinga etter innflytting kan vere viktig for å følgje opp tiltak kring det som ikkje fungerer. I Dagabygget har leiarar og tilsette gode erfaringar med dette.