Sammendrag
Helse Førde HF har gjeve Sykehusbygg HF i oppdrag å evaluere Dagabygg-prosjektet frå forprosjektet starta til ferdigstilling og overlevering av bygg til drift. Oppdraget er konkretisert kring opplevinga av medverknad, kommunikasjon og samhandling hjå leiarar, brukarar og tilsette. Det er nytta ein kvalitativ metode.
Medverknad i Dagabygg-prosjektet
Hovudinntrykket er at prosjektet har vore godt gjennomført. Evalueringa viser at prosjektet har tenkt heilheit, koordinert utvikling av tenestene, medverknad og bygg. Prosjektdeltakarane har vore lojale til fristar og rammer. Prosjektet har vektlagt brei medverknad frå klinikk for psykisk helsevern, verneombod, tillitsvalde, tilsette og brukarar. Alle har opplevd ein god dialog, respekt og eit godt samarbeidsklima. Mange rosar leiinga. Dei viser til tilgjengelegheit, god informasjon, openheit og evne til å finne løysingar. Møta hadde god struktur og tydeleg agenda, og ein fekk tilsendt informasjon på førehand. Likevel kunne opplæring, mandat og klargjering av medverknadsrolla ha vore tydelegare.
Organisasjonsutvikling og bygg
Organisasjonsutvikling (OU) er eit viktig element i førebuing til medverknad i byggeprosjekt. I denne evalueringa kjem det fram at informantane meiner OU-prosessen kan ha kome for seint i gang, og at det burde ha vore kommunisert ut meir om kva innhald og tilbod Dagabygget skulle gje, samt korleis bygget skulle understøtte intensjonane i OU-prosjektet.
Ressursar til medverknad
For dei som medverka, var det krevjande å sette av tilstrekkeleg tid til å informere tilsette, drøfte problemstillingar og bringe råd tilbake til byggeprosjektet i tillegg til ordinære arbeidsoppgåver. Evalueringa tydar på at det har vore ei stor arbeidsbelasting, spesielt dei siste åra før innflytting. Dette kan ha gjort at det har blitt forskjellar på omfanget av medverknaden og oppfølginga i seksjonane. Fleire seksjonsleiarar uttrykte at det hadde vore behov for støtte i form av ekstra ressursar.
Kommunikasjon
Medverknaden var prega av tillit, men ein har hatt ulik oppfatning av kvalitet på materialar og utstyr (bl.a. knytt til lydkrav). Truleg har misforståinga oppstått fordi fagområda tolkar omgrep og forklaringar forskjellig. I tillegg har det vore utfordrande å forstå kva kvalitet ein standard inneheld. Dei som medverka, ønska tydelegare informasjon og diskusjonar om produkt og konsekvensar av val, samt informasjon når faglege råd og innspel ikkje vart følgt.
Prøvedrift og innflytting
Tida for prøvedrift vart alt for kort, og oppgåver som skulle ha gått stegvis, fall oppå kvarandre. Innflyttinga gjekk nesten utan stans i drift, og flytteprosjektet var godt planlagt i seksjonane. Erfaringane er at når seksjonsleiarar har tilsette med på laget, teknisk personell er tilgjengeleg og der er god overlapping frå prosjektleiinga etter innflytting, då kjem det meste på pass.